Ukveldar på Sagabu

I sommarhalvåret arrangerer VKU ukveldar på Sagabu kvar laurdag

Sagabu er ei hytte som ligg i på Blindheim på Vigra. Hytta er laga til som forsamlingslokale, og er eigd av Vigra Kristelege Ungdomslag. Sagabu er nyrenovert og framstår som eit flott alternativ til å arrangere ukveldar på. Det er få ting som er betre enn å sjå sola gå i havet frå Sagabu.

 

Ukveldane er ungdommane sin arena. Her er det lovsang, andakt, bønn, kiosk, leikar, spel, underhaldning og sosialt. Her blir det bygd gode relasjonar mellom ungdommane, og her blir det bygd gode relasjonar mellom ungdommane og leiarane. Og ikkje minst, her blir det bygd gode relasjoner mellom menneske og Jesus. Jesus har hovudfokuset på ukveldane, både gjennom lovsang og tilbeding, gjennom andakt og gjennom samtalar. Formålet er at ungdommane skal bli betre kjent med Han, og bli livslange etterfølgarar.

 

Ein kan begynne å gå på ukveld etter jul i 7.klasse. Så kan ein fortsette å gå så lenge ein føler seg ung nok.

Ukveldane startar klokka 20:30 og varer nokre timar utover.

 

Velkommen!

 

 

Sagabu kan også leigast ut til andre arrangement, ta kontakt med styret for meir informasjon.