Ukveldar på bedehuset

I vinterhalvåret arrangerer VKU ukveldar kvar laurdag på bedehuset.

Ukveldane er ungdommane sin arena. Her er det lovsang, andakt, bønn, kiosk, leikar, spel, underhaldning og sosialt. Her blir det bygd gode relasjonar mellom ungdommane, og her blir det bygd gode relasjonar mellom ungdommane og leiarane. Og ikkje minst, her blir det bygd gode relasjoner mellom menneske og Jesus. Jesus har hovudfokuset på ukveldane, både gjennom lovsang og tilbeding, gjennom andakt og gjennom samtalar. Formålet er at ungdommane skal bli betre kjent med Han, og bli livslange etterfølgarar.

 

Ein kan begynne å gå på ukveld etter jul i 7.klasse. Så kan ein fortsette å gå så lenge ein føler seg ung nok.

Ukveldane startar klokka 20:30 og varer nokre timar utover.

 

Velkommen!