Ungdom

Vigra Kristelege Ungdomslag har sitt hovudfokus på arbeidet mellom ungdommane.

Vigra Kristelege Ungdomslag, VKU, er ungdomsforeininga på Vigra bedehus. VKU er eit sjølvstendig lag, har eige styre, eige rekneskap og eige arbeid, men samarbeidar likevel tett med Vigra Indremisjon.

 

Ungdomslaget sitt arbeid foregår både på bedehuset og Sagabu. VKU samarbeider ein del med dei andre kristne ungdomsforeiningane i Giske kommune. Vigra Kristelege Ungdomslag er tilslutta ImF-UNG Sunnmøre, som er ungdomsarbeidet til ImF-Sunnmøre. Sunnmøre Indremisjon er vidare tilslutta Indremisjonsforbundet, (ImF).

 

Ungdomslaget har møter 20.30 kvar laurdag, og er beregna på ungdom frå 7.klasse og oppover. Møta er på bedehuset fram til 16.mai, og vert deretter arrangert på Sagabu.