Hjelpearbeid

Vigra Indremisjon samarbeidar med organisasjonen North-South Partnership Aid. NSP driv eit utstrekt hjelpearbeid mellom anna i Kiberaslummen og Kawangwareslummen i Kenya.

Vigra Indremisjon tek del i arbeidet ved å fjernadoptere eit antall barn som bur i slummen. 

 

Kibera er mogleg den største slummen i Afrika, det bur over 1,1 million menneske her. NSP-Aid samarbeidar med den lutherske kyrkja i Kenya og hjelpeprogrammet heiter "Heart to Heart".

 

Borna får hjelp som omfattar skule, to måltid kvar dag, skuleuniform, sko, skulebøker og nødvendige medisiner. 

 

For meir informasjon sjå nettsida til North-South Partnership Aid.

For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’

Matteus 25, 35-40