Om oss

Vigra Indremisjon eig, og driv arbeidet på, Vigra Bedehus. Vi er, som namnet seier, ei indremisjonsforeining og driv kristent misjonsarbeid på Vigra. Målet for arbeidet er at menneske skal kome til tru på Jesus, og bli bevarte som kristne.Vigra Indremisjon (VIM) er eit sjølvstendig lag, tilslutta ImF Sunnmøre. Hovudfokuset til Vigra Indremisjon er kristent arbeid mellom barn og vaksne på Vigra. Vigra Indremisjon har eit eige sjølvstendig ungdomslag, Vigra Kristelege Ungdomslag (VKU), som har hovudfokus på arbeid mellom ungdommar. Arbeidet på Vigra bedehus strekker seg slik over heile livsløpet.

 

Alle er velkomne på våre arrangement, og har du lyst til å vere ein del av felleskapet vårt er du hjarteleg velkommen til det. 

 

 

§1. Føremålet med Vigra Indremisjon er å vere med på å utbreie Guds rike. Hovudsatsinga er kristent arbeid på Vigra og dei næraste områda, men vårt kall som kristne er også å støtte opp under evangelisk og humanitært arbeid andre stader i verda. Vigra Indremisjon bygger si verksemd på Guds ord, og den evangeliske lutherske vedkjenning. Vigra Indremisjon ønskjer óg så langt det er råd å ivareta medlemer som har eit ikkje-luthersk dåps- og nattverdssyn i si ordinære verksemd.